Som ein kickoff til Utflukt 2023 kjem vi til å selge earlybird billettar i ein begrensa periode frå 15. februar og ut månaden til og med 28. februar. Det vil då vere prisar som er like dei vi hadde i 2022. Dette gjer vi for å premiere lojale utfluktere som har venta på at billettsalet skal opne, samt at vi ynskje å tiltrekke oss nyskjerrige stisyklistar som ikkje har landa kor dei skal sykle i juni!
Prisar blir følgande på earlybird:
799,- Festivalpass for abonnent av Fri Flyt
999,- Festivalpass inkl. 2 utgaver av Fri Flyt magasin + full digital tilgang i 3. mnd
999,- Festivalpass for ikkje abonnent
1749,- Familiepass* for abonnent av Fri Flyt
1949,- Familiepass inkl. 2 utgaver av Fri Flyt magasin + full digital tilgang i 3. mnd
1949,- Familiepass for ikkje abonnent
*familiepass inkludere opptil to vaksne og 2 born (under 16 år).
Ordinære festivalpass kjøpe du på www.friflytbestill.no frå måndag 27. mars!
