Terrengsykkel.no tok ein prat med Bjørn Jarle Kvande i Trailguide. Der går ein litt djupare til verks i denne kartfunksjonen, samt nye oppdateringar og funksjonar - det kan du lese her (open sak)

I Trysil har dei brukt litt forskjellige løsyingar, men for sykkelsesongen 2023 er altså dei fleste sykkelstiane å finne ein plass, nemlig hos Trailguide.net

For å få denne på telefonen din, slik at du alltid veit kor du er og kor du skal, går du på trailguide.net i nettlesaren på telefonen din. Du vil derfrå kunne laste ned sida som ein snareveg til din telefon. Den lagre du der du har andre appar som handlar om kart/friluftsliv/sykling og tar den fram når du skal planlegge, justere eller kome deg heim!

Er du med på guida turar eller kurs med Utflukt, så skal du ikkje trenge å leite deg fram. Men om du skal utforske så er dette eit kjekt verktøy for å sjå korleis du kan linke saman stiar. Husk at du som festivaldeltakar har tilgang på heis under heile helga, og kan på den måten enkelt utforske Trysilfjellet og Fageråsen saman med Trailguide!

Husk når du skal på tur på eigenhand å ha med ekstra kle og utstyr slik at du trygt kan kome deg heim om det skulle oppstå forandringar!