2023: 10 km med nye heisbaserte stiar!

Totalt 20 km med flytstiar er tilgjenglege frå toppen av heisen i Trysil, og alt dette har du tilgang til med eit festivalpass på Utflukt!

Sist oppdatert: 30. januar 2023 kl 17.17
Heisbasert sykling er ein av fleire måtar å oppleve Terrengsykkelfestiavlen Utflukt. Foto: Even Baardseth
Heisbasert sykling er ein av fleire måtar å oppleve Terrengsykkelfestiavlen Utflukt. Foto: Even Baardseth

Som deltakar på Utflukt 2023 i Trysil har du inkludert 4 dagar med heisbasert sykling i passet ditt. Det gir deg store moglegheite til å variere dagane og syklinga som Trysil byr på. Ta eit par turar i heisen før du blir med ein av våre guida turar på andre sida av fjellet eller blir med på kurs?

For orden skyld, her er opningstidene for heisen under Terrengsykkelfestivalen Utflukt 2023

  • Torsdag: 16-20

  • Fredag: 10-16

  • Laurdag: 10-16

  • Søndag: 10-16

Så til saka! Det er i hovudsak to nye linjer du når frå heisen. Dei startar med enten Flowstar (blå) eller Twister (raud). Dei er igjen delt inn i tre forskjellige linjer og er lagd slik at du kan kople deg inn på den eine frå den andre om du skulle få lyst til å forandre sti eller om du får ein favoritt kombinasjon. Om ein feks ikkje ynskje å sykle hopplinja med raud gradering kan ein då veksle over til blå sti og motsatt.

Flytstiar du når frå heisen:

Magic Moose er flytstien som mange av oss har køyrd i fleire år. Magic Moose byr på flyyyyyyt i form av doseringar, kloppar, kular og hopp. Ei løype som passar for dei aller fleste. Er du litt ny i gamet er dette ein perfekt start. Merka som blå, men etter Knettsetra kan du kan velje eit segment med raud sti (Rolling Stones) i staden for grusveg, men begge tar deg vidare inn på blå og siste halvdel av den 7 km (!) lange stien.

Twister er raud og blir beskreve som ein kombinasjon med action og flyt. Dette er altså ein av dei nye stiane Trysil byr på i 2023. Den startar øverst ved stolheisen. Du får god fart i starten før den går inn i område med doseringar, hopp og raske kurvar. Jackhammer er ein naturleg forlenging av Twister. Jackhammer byr på hopplinje, men du kan gå vidare inn i blå løype om hopp ikkje er noko for deg. Vidare tar stien deg innom segmenta Timbertown og Downtown. Twister byr på nesten 4 km med action frå topp til bunn!

Under kan du sjå video av siste del av Twister, nemlig Timbertown og Downtown med Terrengsykkels Kristoffer H. Kippernes, samt Olve Norderhaug som har leia byggearbeidet med stiane. Her frå september 2022.
Video: Kristoffer H. Kippernes.

Flowstar er blå og har fluss av doserte svingar, kular, hopp, kloppar og bruer. Her kan du enten ta det chill og øve på teknikken, eller gønne på med høg fart! Flowstar er som navnet tilseie, ein sti med mykje flyt. I Flowstar kan du kople deg inn på raud sti om du ynskjer det, så kombinasjonane på veg ned er mange. Flowstar tar deg innom Goldrush og Starline og er tilsaman over 5 km frå topp til bunn!

Sjå kartet for meir detaljert om stiane. Men det beste er nok å oppleve dei frå sykkelen på Utflukt 22.-25. juni i år!

Som du ser av kartet er det også to svarte stiar i heisanlegget, nr 44 og 45. Det betyr at du har stor variasjon i stival frå heisen. 44 (Sten!) er kjekk om den er forholdsvis tørr. Nr 45 (Skåne Roost!) kom i fjor og er teknisk, bratt(!) og veldig kjekk.

Når du har kome til topps er det også fleire stiar du kan ta i Trysilfjellet.
Fjellrunden er ein familievenleg 13 km lang tur som er enkel og fin for å prøve feks med elsykkel. Her kan du også prøve Fjellflyten som er ein blå flytsti som tar deg ned til Trysil Høyfjellsenter og Fageråsen.

Om du vil lese meir om sykkeltilbodet i Trysil kan du sjå på sidene til to av våre samarbeidspartnarar, SkiStar Trysil og Trysil Bike Arena

Publisert 30. januar 2023 kl 16.06
Sist oppdatert 30. januar 2023 kl 17.17