BEGGE KURSENE TIL JOLINE ER UTSOLGT - SE VÅRE KURS HER

Tid og stad: 22 juni kl 18:00 og 23 juni kl 14:00 - Oppmøte ved scena utanfor hotellet

Antall plassar: 10 stk pr kurs

Påmelding: Meld deg på her

Kurshaldar: Joline Johansson

Om kurset og kurshaldar:

For dei som ikkje måtte kjenne til Joline Johansson, så er ho ein røynd stisyklist. Ho vant den svenske enduro serien tilbake i 2016 og 2017, samt sølv i nordisk meisterskap i 2016 for å nevne noko. Etter dette har Joline framleis holdt seg på sykkelen, men i større grad bidratt til at andre skal få oppleve det ho synest er så fint med sykling.

På Utflukt 2023 vil Joline halde to kurs:

  • Bli heilt sjef på svinger! Her er det fokus på svinger, flate og doseringer. Lær deg å generere fart, kontroll og bli heilt sjef på svinger (torsdag kl 18, ope for alle)!

Dette kurset passar for deg som har lyst å få meir flyt i syklinga, jobbe med blikk og plassering for å enklare få betre linjevalg, samt du ynskje å treffe andre som er gira på sykkel!

  • Nybegynnerkurs. Vi går gjennom grunnposisjon, blikk, innstillinger på sykkelen og masse tips og triks for å ta kontrollen og bli ett med sykkelen (fredag kl 14, for kvinner).

Nybegynnerkurset passar for deg som vil utforske kva stisykling kan by på, du kan ha sykla litt, men ynskje å få litt instruksjon eller hjelp til å utvikle deg, du ynskje å få meir moro ut av syklinga og du har lyst å gjere dette saman med andre damer! Du får også oppleve ein dyktig kurshaldar som ser deg og vil utfordre deg!

Joline Johansson held kurs torsdag og fredag under Utflukt 2023! Foto: Frode Sandbech
Joline Johansson held kurs torsdag og fredag under Utflukt 2023! Foto: Frode Sandbech

Joline har holdt på med kursing, guiding og vore ein formidabel ambassadør for sporten i ei årrekke. Det er også Joline som er ansvarleg for Terrengsykkelcampen 2023 og har vore med å arrangert dei siste 5 år!

Vi ser fram til å ha Joline på Utflukt og håper så mange som mogleg vil nytte anledninga til å bli endå meir glad i stisykling!