Tid og stad: 23. juni kl 12:00 og 24. juni kl 10:00 - Oppmøte ved scena utanfor hotellet

Antall plassar: 10 på guida tur og 20 på mekkekurs!

Påmelding: Meld deg på her

Kurshaldar: Linda Lønmo, Lise Pettersen og Lene Pettersen

Dette lære du:

Utflukt er så heldige at vi har fått Herja Enduro med på laget også i 2023. Herja Enduro er eit stisykkellaug med base i Drammen. Dei starta som ein sosial arena for å få fleire damer inn i sykkelsporten. Vidare har dette vakse til over 350 medlemmar i Facebook gruppa.

Dette er damer som finn glede ved å sykle saman, ha eit nettverk og eit lavterskeltilbod for å kome seg på sykkelen! Herja Enduro tilbyr kurs, turar, klede/merch og guiding! I tillegg har dei også ei undergruppe i Molde med ca 70 medlemmar som har faste treningar og sosiale samankomstar.

Til Utflukt skal Herja Enduro bidra på fleire arena:

  • Guida tur for damer, fredag kl 12:00 Lene Pettersen som er NMIG-sertifisert sykkelguide skal ha ein guida sykkeltur for damer på nivå lett/middels! Det blir også nokre tips og triks, gjennomgang av sykkel før avgang og garantert god stemning! Linda Lønmo og Lise Pettersen er også med her!

  • Mekkekurs for damer, laurdag kl 10:00 Her går damene i Herja gjennom sykkelen, bremser, gir, skifte slange/slangeløst mm. Tar oss også gjennom kva vi treng og bør ha i sekken for ein sykkeltur, samt sjekkpunkt til sykkelen før avreise. Herja stiller med Lene, Lise og Linda! Laurdag kl 10:00

  • Dual Slalom i Twin Peaks for alle, laurdag kl 14:00 Uhøgtidleg konkurranse, der to og to syklistar konkurrerer mot kvarandre om å kome først i mål. Passar for dei aller fleste, uansett nivå og alder. Uttrekkspremiar og garantert god stemning. God moglegheit til å ha det kjekt med vener, konkurrere litt der latteren sit laust, god oversikt og kjekt å sjå på! Her finn du altså Herja og god anledning til å slå av ein prat med damer som er opptatt av å spre sykkelglede! Her stiller Herja med Lene, Lise, Linda og Thomas Arnesen.

Vi håpar, saman med Herja, at flest mogleg av nyskjerrige damer vil ta turen til Utflukt og bli betre kjend med miljøet og stisykling, uansett kva nivå du er på. Her kan du bli tryggare, flinkare og ha det kjekt saman med likesinna. Vi sjåast på Utflukt 22-25 juni i Trysil!