Til Utflukt i år har vi også gleden av å presentere eit todelt opplegg der vi har pumptrack i fokus. Pumptrack er blitt ein særs populær aktivitet rundt om kring i vårt langstrakte land. Vi har då fått tak på to syklistar som saman med Sweet, GT og Trysil Bike Arena vil legge rammene for det som skjer i GT Pro Park fredag og lauradg.

To av Noregs beste syklistar hoster pumptracken på Utflukt!

Isak Prange var berre 14 år då han i 2022 vann Norwegian pumptrack series og blei kåra til "Årets nykommer" under B-RAGE Session 2022. Han er GT syklist og vil saman med dei ta med seg to LaBomba syklar som du får teste og som vil bli brukt i konkurransen!

Mads "Makken" Haugen har tidlegare hatt opplegg med pumptrack på Utflukt, men han er nok mest kjend for sine prestasjonar på sykkelen, både i Noreg, men også internasjonalt. Makken har sykla det meste, alt fra Rampage og Besseggen til smale bratte stiar i Geiranger og ikkje minst pudder i Alta! Men no er han altså i Trysil og på Utflukt for å ta ein sykkelprat og hjelpe deg til å bli ein betre syklist!

Frå Sweet Pumptrack Rally under Utflukt 2023! Foto: Even Baardseth
Frå Sweet Pumptrack Rally under Utflukt 2023! Foto: Even Baardseth

Pumptrack session for deg som vil lære av dei beste!

Fredag kl 16:00:

Vi møtes i GT Pro Park kl 16:00 for å ha ein sosial pumptrack session, der Isak og Makken vil bistå på alle nivå. Her har vi moglegheit til å ta i mot opp til 20 deltakarar! Her håpar vi å sjå folk på heile aldersregisteret! Du har altså ei unik moglegheit til å bli ein betre syklist, då pumptrack er den beste teknikktreninga du får og ypperleg for å bli ein betre syklist.

Sweet og GT Pumptrack Rally

Laurdag kl 13:00:

Sweet Pumptrack Rally konkurranse! Vi kårar den raskaste syklisten i pumpen. Vi har fått Trysil Bike Arena til å arrangere konkurransen, slik at reglar og nivå på arrangøren vil vere som i norgesserien!

Kvalisfisering og påmelding: frå kl 13-14

Finaler: kl 14-15 (head to head)

Premiar vil vere frå våre sponsorar Sweet Protection og GT Bicycles!

Dette er eit arrangement under Terrengsykkelfestivalen Utflukt, og krev då at du har festivalpass for å delta. Reglar vil vil kome tilbake til, men det blir standard for slike konkurransar. GT vil også stille med to GT LaBomba (!) til bruk om du ikkje har sykkel sjølv! Klare vi få til ein skikkelig fight mellom BMX og Dirt, kven er raskast?

Vi har open klasse kvinner og open klasse menn. Det vil vere uttrekkspremie for dei opp til 12 år som deltar frå kl 13!