Er du ein av dei som har sykla nokre år og likar luft under dekka?

Utflukt har i samarbeid med Trysil Bike Arena ein luftig post på programmet for 2023!

Wildcard til B-RAGE Sesh!

Du kan under Utflukt 2023 vinne eit wildcard til den store hendinga i Trysil 1-3. september i år. Då kjem nemlig Noreges, og kanskje verdas beste syklistar til Trysil for å vise seg fram i B-RAGE, leda av vår alles Brage Vestavik! Og DER kan akkurat DU stå på startstreken når det skal syklast B-RAGE. Det du treng å gjere er:

  • filme ein edit i B-RAGE under Utflukt 2023

  • maks 1 minutt lengde

  • sende link for nedlasting til torerik@friflyt.no

  • Frist for å sende inn er laurdag 24. juni kl 17:00

Vil du stå side om side med Brage Vestavik for å sykle B-RAGE Sesh i september? Foto: Kristoffer Kippernes
Vil du stå side om side med Brage Vestavik for å sykle B-RAGE Sesh i september? Foto: Kristoffer Kippernes

Vi gir ut to wildcard, eit til beste herre og eit til beste kvinne!

Vi har ein jury som vil bedømme kven som til sist går av med wildcardet og får dette utdelt på scena laurdag 24. juni på Radisson Blu Trysil. Det vil også vere noko utstyr i premiepotten frå våre sponsorar.

Jury består av representant frå Utflukt, Trysil Bike Arena, Terrengsykkel og køyrarar frå B-RAGE konken i fjor!