Å vere tidleg ute med å kjøpe festivalpass til Utflukt 2023 er ikkje berre ein økonomisk fordel, du kan også vere ein av seks som får vere med på ein eksklusiv sykkeltur!

Her på kontoret har vi nemlig fått overtalt Terrengsykkel sin journalist, Kristoffer H. Kippernes til å ta med seg seks heldige på fotokurs under Utflukt 2023!

Kippernes har skreve for terrengsykkel.no sidan 2014 og er over snittet interessert i både sykkel og foto. Arbeidsdagen kan bestå av å reise rundt for å skrive om stiar, utstyr og folk. Foto er eit viktig verkemiddel i Kristoffer sitt visuelle uttrykk! Det tenkte vi var ein fantastisk kombinasjon for å halde ein praktisk workshop med den korte tittelen:

"korleis ta betre bilete på sykkeltur med det kameraet eller den mobilen du har tilgjengeleg"

Det blir seks plassar tilgjengelig og turen varer i litt over to timar. Det blir på laurdagen, tidspunkt kjem vi tilbake til når vi har spikra programmet! For å vere med på dette treng du festivalpass, sykkel, hjelm og fotoapparat etter eige ynskje. Det blir i nærområdet og meir fokus på foto enn sykling.

For å kunne få sjansen til å bli ein av dei heldige vinnarane treng du ikkje anna enn å sørge for at du har kjøpt festivalpass innan 1. mars klokka 10:00. Dei seks uttrekte blir kontakta i påfølgande veke!

Her kan du sjå nokre av bileta som Kristoffer har tatt på tur: