Bosch er fremst når det kjem til elsykkelsystem i bransjen. Dei kjem i år til Utflukt med eigen stand der du kan få helse på teamet bak, samt låne elsyklar og få høyre frå de som utviklar desse systema sjølve kvifor det er så bra!

I tillegg invitere Bosch deg med på eigne guida turar for elsyklistar. Du kan enten låne sykkel frå Bosch sin stand (huske å avtale dette på førehand), du kan ta med din eigen eller låne med andre. Det er i alle fall elsykkel only for desse to turane.

Det blir ein tur for den nyskjerige:

Der vi legg opp til ein lett/middels tur der målet er å forstå elsykkelen betre, leike seg litt (også der du vanlegvis må bite tenna saman oppover eller gå av sykkelen) og du vil få svar på alle dine spørsmål du måtte ha angåane elsykkel. Det vil vere ein representant frå Bosch i tillegg til guide med på turen. 10 tilgjengelege plassar og du melder deg på her

Guida elsykkeltur for den nyskjerrige er fredag kl 10:00

Så har vi turen for den erfarne:

Her har du gjerne sykla ein del frå før, eller er godt kjend med elsykkel. Du vil då få utfordra deg meir på sykkelen, bli kjend med kva som er så bra med elmotoren, og ikkje minst kjenne på den største forskjellen mellom med og utan motor, nemlig når det går oppover! 10 tilgjengelege plassar og du melde deg på her

Guida elsykkeltur for den erfarne laurdag kl 10:00

Les meir om alle våre guida turar her!