Tid og stad: Kvar dag under Utflukt 2023! Oppmøte ved scena utanfor hotellet.
Antall plassar: 10
Påmelding: Meld deg på her
Kurshaldar: Kine Haugom
Om kurs og kurshaldar:
Kine Haugom er eit stort talent på sykkelen og har spesialisert seg i greina utfor. Ei av hennar største bragd (så langt) er sølv i VM! Ho har også sølv og bronse i EM, samt ho vann Europacupen i 2019! Her kunne vi ha fortsatt, men Terrengsykkel har skreve fleire artiklar om den spreke 18-åringen sine bragder. I 2023 blei Kine ambassadør for Trysil Bike Arena og vil bli meir å sjå i Trysil framover.

Eit kurs med Kine skal vere sosialt, kjekt og ein skal kunne lære noko nytt. Om det er teknikk, fart eller andre tips og triks, skal dette vere noko som skal passe for dei som allereie har komt eit stykke på sykkelen. Kine er instruktør og guide på NMIG nivå 1!
For alle 18 år og oppover - bli med Kine på kurset "Fearless Flow" (torsdag kl 18:00)
Kvinner 18 år og oppover - bli med Kine på kurset "Dirt Divas" (fredag kl 14:00)
Jenter 10-18 år - bli med Kine på kurset "Shred Sisters" (laurdag kl 10:00)
For alle 10-18 år - bli med Kine på kurset "Next Generation Shredders" (søndag kl 10:00)

Kine er ikkje berre rå på sykkelen, ho brenn også for å få fleire jenter inn i sykkelmiljøet. Derfor vil Kine blant anna halde eit opplegg for jenter 10-18 år under Utflukt! Kine ynskje at også yngre jenter skal få moglegheit til å sykle med likesinna som ynskje å sykle raskare nedover på sykkel.

Kine starta å sykle som 12 åring, etter at tvillingbror Emil hadde sett Brage Vestavik på film. Det har etter dette blitt eit stort fokus på sykkel og Kine har funne sin plass i sykkelmiljøet. No invitere ho både nye og erfarne syklistar inn i det same miljøet og håper å sjå flest mogleg på eit av sine fire kurs under Utflukt!
Kine (og tvillingbror Emil) kan du bli betre kjend med i serien Dedikasjon, som er produsert av Vegard Breie. Her møter du Kine eit par år tilbake i tid: