I årets fesivalpass for 2023 vil du få følgande inkludert:

  • Fire dagar med heiskort (torsdag-søndag). Heisen er open på følgande tidspunkt:

    • Torsdag 16-20

    • Fredag 10-16

    • Laurdag 10-16

    • Søndag 10-16

Les meir om heisbasert sykling for Utflukt 2023 her

  • Låne syklar frå våre sponsorar. Dei har med det nyaste på sykkelfronten, og du kan få ta med sykkel på tur for å sjå, teste og føle korleis det er å prøve det nyaste på markedet, samt om dette kan vere ein sykkel som passer ditt behov. Kva for merker som kjem til Trysil i 2023 vil vi oppdatere med når vi bekrefte med dei enkelte! Men vi kan garantere at her blir det mykje å velge i, både sti, el og gravel!

  • Deltaking på underhaldning og aktivitetar gjennom heile helga. Her vil vi både ha aktivitetar ute som er sykkel og hygge relatert, men også innandørs på Radisson! Her kjem vi tilbake til konkret program. Berre å glede seg!

  • Inkludert er også ei avgift som går til grunneigarane i Gullia, slik at du med godt samvite kan sykle på det fantastiske tilrettelagde stinettverket!

I årets festivalpass vil du få følgande fordelar med rabatterte prisar:

  • Guida turar og kurs til sterkt rabatterte prisar. Noko av dette tilbodet vil også vere inkludert i passet. Turar og kurs kjem det eiga påmelding til og skal vere klart til vi slepp det ordinære billettsalet 1. mars

  • Rabatterte prisar på overnatting i Trysil. Her vil vi kome tilbake med ein guide til overnatting i Trysil. Skal du allerede bestille overnatting i Trysil, pass på at du seie du skal på Utflukt, så trur vi dei i andre enden vil gje deg endå hyggeligare prisar enn før!

Vi vil oppdatere denne lista etter kvart som vi får på plass gode avtalar for deltakarar på Utflukt!

Prisar på Utflukt festivalpass 2023:

999,- Festivalpass for abonnent av Fri Flyt

1199,- Festivalpass inkl. 2 utgaver av Fri Flyt magasin + full digital tilgang i 3. mnd

1199,- Festivalpass for ikkje abonnent

2299,- Familiepass* for abonnent av Fri Flyt

2499,- Familiepass inkl. 2 utgaver av Fri Flyt magasin + full digital tilgang i 3. mnd

2499,- Familiepass for ikkje abonnent

*familiepass inkludere opptil to vaksne og 2 born (under 16 år).

Årets festivalpass er i sal frå onsdag 15. februar på friflytbestill.no