2022 var året vi hadde mykje å glede oss til i Trysil og på Utflukt. Vi hadde over 200 demosyklar frå våre sponsorar, som du kunne låne fritt som festivaldeltakar. Vi hadde strålande veir og stiar som berre låg og venta på å bli sykla. Heisen gjekk i fire dagar og det blei ein glimrande start på sykkelsesongen for mange.

Under kan du sjå eit lite tilbakeblikk på desse flotte dagane. Trysil kan by på det meste! Her får du mange høgdemeter med heisbasert sykling, guida turar i høgfjellet, stisykling som er både tilrettelagt og på naturlege stiar i det legendariske skogholtet Gullia som berre er eit steinkast unna festivalområdet, samt to flotte pumptracker som vi nytt av året hadde konkurranse i. Alt og meir til i filmen du kan sjå under!

Filmen er lagd av Even Baardseth