Vi treng fleire til vårt team av frivillige under Utflukt 2023

Er du nysgjerrig på korleis vi arrangere Noregs største stisykkelfestival? Bli med i vårt team av frivillige og sørg for at deltakere og teamet med frivillige får ei fantastisk helg i Trysil!

Som frivillig på Utflukt er det fint om du har litt erfaring fra sykkel, men ingen føresetnad! Her er det sjølvsagt plass til dei som er nye og har lyst å få seg eit større sykkelnettverk.

Dette får du som frivillig på Utflukt 2023:

  • Festivalpass med alt det innebærer

  • Overnatting og mat under festivalen fra torsdag-søndag

  • Klær frå hovedsponsor

  • Bli kjent med sykkelmiljøet frå innsida

  • Kjekke og spanande oppgåver

  • Vener og nettverk!

  • God opplæring og trygge rammer

  • Tid til å sykle og vere sosial!

Er det deg vi ser etter som blant anna kan fylle opp sekreteriatet vårt i 2023? Foto: Snorre Veggan
Er det deg vi ser etter som blant anna kan fylle opp sekreteriatet vårt i 2023? Foto: Snorre Veggan

Oppgåver vi trenger hjelp til:

  • Praktisk gjennomføring av festivalen

  • Styre våre SoMe kanalar

  • Video / Film - her kan du få bidra inn i medieteamet vårt!

  • Innsjekk og arbeid i sekretariatet (ta godt i mot festivaldeltakarar) 

  • Følge opp våre turar og kurs

  • Hjelpe til med praktiske gjeremål på festivalområdet

  • Gjennomføring av aktivitetar og konkurranse

  • Oppfølging av kveldsprogram

  • Hyggepatrulje!

Nokon får faste oppgåver, medan andre rulere der det er behov. Det blir lagd ein vaktplan slik at du veit når du må hjelpe til og når du kan sykle! 

Høyres dette interessant ut? Send ein kort mail til festivalsjef torerik@friflyt.no med følgande info:

  • Litt om deg sjølv (feks: alder, kor du kjem frå, interesser og om du har vore på Utflukt før)

  • Spesielle ynskjer om arbeidsoppgåver

  • Kvifor du passer til desse oppgåvene

*Nedre aldersgrense er 18 år

foto: John-Andre Moldestad
foto: John-Andre Moldestad