På Terrensykkelfestivalen Utflukt samlar vi sykkel-Noreg og vi tilbyr eit breidt utval av sykkelmerker til test for deltakarane. Det betyr at du kan få snakke med dei som sel desse syklane, sjå og ta på syklane, samt teste dei ut i løypene. I 2022 hadde vi ca 200 syklar!
Under kan du bla deg til ditt favorittmerke og sjå kva dei tar med i år. Vi har foreløpig presentert tre merker, Rocky Mountain, Merida og Bosch!
Bosch

Her presentere vi ein ny aktør som er komt inn i Utflukt familien. Bosch er dei fremste på elsykkelsystem i bransjen! Dei levere fulle system med drivenhet, batteri, skjermar, kontrollar og app! Mange sykkelmerker vel Bosch, og til Utflukt vil Bosch vil ta med seg eit utvalg syklar frå forskjellige merker, og alle er sjølvsagt elsyklar med Bosch sitt oppsett på system!
Foreløpig bekrefta modellar som du kan sjekke ut på Bosch sin stand:
Mondraker Crafty XR med ABS
Cube Stereo 160 SLT
Whyte E- 180 Works med Performance CX Race drivenhet
Har du spørsmål om elsykkel eller vil slå av ein hyggelig sykkelprat, stikk innom Bosch sin stand på Utflukt! Bosch har eigne guida turar for elsyklistar og stiller med premiar til aktivitetar på Utflukt! Les meir om Bosch og elsykkel her!
MERIDA

På Merida sin stand vil du kunne finne ca 20 syklar i god variasjon. Distributør i Noreg (MERIDA NORGE AS), vil ta med følgande modellar du kan få teste:
One-Sixty (2023 mod fulldempa stisykkel)
One Forty (2023 mod fulldempa stisykkel)
eOne-Sixty (fulldempa elsykkel)
Big Trail (hardtail)
Merida kjem til å kome med fleire modellar, med og uten el, samt for born. Men modellane over er dei som er bekrefta. Om du vil sjå fleire bilete og lese om syklane kan du sjå Merida si heimeside
Merida vil stå saman med Bike Fixx på stand. Dei vil ha konkurransar med premiar, kurs og muligens ambassadørar som kan finne på sprell. Vi oppdatere fortløpande!
ROCKY MOUNTAIN

På Rocky Mountain sin stand får vi møte Geir og Snorre frå vpg.no - Dei tar med seg 17 totalt syklar. Det er kvasse analoge stisyklar, fulldempa elsyklar og syklar for dei ned til 129 cm på strømpelesten.
Modellar som blir med ned frå Oppdal:
Element Carbon (fulldempa stisykkel)
Instinct Carbon (fulldempa stisykkel)
Altitude (fulldempa stisykkel)
Slayer (2023 mod fulldempa stisykkel)
Instinct Powerplay (fulldempa elsykkel)
Altitude Powerplay (fulldempa elsykkel)
Reaper i 24" 26" og 27,5" (fulldempa stisykkel for born, frå 129 cm kroppshøgde)
Rocky Mountain og vpg.no deltar også med kurs og premiar til diverse konkurransar. Les meir om Rocky Mountain på vpg.no sine nettsider eller gå rett til Rocky Mountain
Moustache
Vi kjem tilbake til kva du kan få teste av syklar på Moustache sin stand. Evo Elsykler som er importør i Noreg har også med seg fleire syklar frå Rotwild!
Følg linken til Evo Elsykler for meir info!
GT Bicycles
Vi kjem tilbake med kva for modellar som blir å sjå på GT sin stand
Her kan du lese meir om GT sine syklar
Scott
Vi kjem tilbake med kva for modellar som blir å sjå på Scott sin stand. Vi veit at dei også har med seg syklar frå Bold Cycles!
Les meir om kva Scott kan by på her
Canyon
Vi kjem tilbake til kva for modellar som kjem på Canyon sin stand
Les meir om kva syklar du kan finne hos Canyon
Marin
Vi kjem tilbake til kva for modellar som kjem på Marin og JBS Sport sin stand. Vi veit at dei også har med seg syklar frå Niner!
Les meir om kva syklar som er å finne hos JBS Sport
EXT Racing Shox
Sykkelbutikken i Vågsbygd har med seg EXT Racing Shox. Meir info kjem.
Les meir om EXT Racing Shox her
Thule
Sykkelstativ frå Thule? Thule er på plass og har med sykkelstativ og løysingar for korleis du kan ordne logistikken før du skal på tur!
Les meir om Thule sine produkt her
Sportlodgen
I Trysil har vi samarbeid med sportsbutikken som ligger midt i smørauget! I same bygg som festivalhotellet ligg Sportlodgen. Her finner du alt du trenger til å kunne vere rusta til ein dag på sykkelen til ekstra gode prisar denne helga. Du vil også kunne få leige fulldempa syklar (også el) til festivalpris!
Les meir om Sportlodgen i Trysil her