B-RAGE Open

Er du erfaren og trygg på dei fleste stiar, men er nyskjerrig på B-RAGE, men den virkar litt skummel?

Ingrid og Severin kan vere med å gjere deg tryggare på hoppa du synest er akkurat litt for store. Dette er for dei meir erfarne syklistane som kjem til Utflukt.

Vi er så heldige å få inn Ingrid Lonar (som gjekk av med prisen "årets vibe" under B-RAGE sist år) og Severin Poppe Midteide (legendarisk rørlegger og syklist på fritida) til å hoste!

Fredag og laurdag invitere Utflukt i samarbeid med Trysil Bike Arena til ein praktisk workshop i B-RAGE!

Severin Poppe Midteide og Ingrid Lonar hoster B-RAGE Open på Utflukt 2023. Foto: Privat
Severin Poppe Midteide og Ingrid Lonar hoster B-RAGE Open på Utflukt 2023. Foto: Privat

Fredag: Her blir det å møte opp i B-RAGE for å tune seg inn. Her blir det snakk om oppsett av sykkel, linjevalg og testing av løypa. Sosialt og god stemning er garantert!

Laurdag: Vi møtes i B-RAGE igjen. Her blir det meir fokus på syklinga. Der ein tar B-RAGE segment for segment. Der vil også Utflukt stille med fotograf i løypa slik at du kan få nokre feite shots av deg i denne sjuke løypa. Ingrid og Severin hoster og legger tilrette for at stemninga er på topp og fistbumps sit laust!

Godt mogleg at crewet frå dagens video kjem innom slik at du også kan bli featured på kveldens film!

Her får du også moglegheit til å få meir content til wildcard konkurransen om du ynskje å delta på B-RAGE Sesh i september. Moglegheit til å stå på startstreken saman med verdas beste syklistar, blant anna Brage Vestavik og over 500 publikumere i løypa er jo heilt rått!